7. nov, 2015

Gode vener er som stjerner...

Ein fin dag! Har hatt besøk av to gode vener - ein firbeint ven og matmora hans.🙂

Av og til vil livet det slik at det går lang tid mellom kvar gong me treffer gode vener. Men det som er så fint med gode vennskap, er at når ein møtes igjen etter ei tid uten kontakt, så går praten likevel heilt naturlig. Det føles som om det berre er nokre dagar sidan sist.🙂

Å ha ein ven eller ei venninne som ein virkelig kan vere 100% seg sjølv saman med, er veldig fint.

Å ha ein ven eller ei venninne som virkelig kjenner deg, som kjenner deg på ditt verste og som kjenner deg på ditt beste, er veldig fint.

Gløyme maska. Gløyme fasaden. Berre vere den ein er. Det er veldig fint.🙂

"Gode venner er som stjerner. Det er ikke alltid du ser dem, men du vet at de er der."