Frå makelig anlagt til glad mosjonist - med belastningsskade..?
Eg er eit godt eksempel på at det faktisk er mulig å endre syn på det å vere meir i fysisk aktivitet. Eg er eit godt eksempel på at det er mulig å gå frå å vere makelig anlagt til å ha glede av å vere i fysisk aktivitet.🙂
Kven skulle trudd at når eg får beskjed av fastlegen om å begrense aktivitet og trening i ein periode
pga av inflammasjon i begge(!) beina, så opplever eg det som negativt...?!?!😲Eg syns eg allereie kjenner at eg vert rastlaus, berre av å
tenke på det - tenke på at eg i ein periode no ikkje kan gå ut på tur i skog og mark så ofte som eg har gjort.
Greit... eg kjenner jo dei intense smertene i beina. Så eg får prøve å fokusere på at å følge legen si anbefaling vil bety at dette går over etterkvart, slik at eg kan fortsette med å vere i aktivitet etter eige ønske👍