3. nov, 2015

Eg gjer så godt eg kan! Eg går framover på vegen min!

Det er fint å oppdage at mine 'yrkes-egenskaper' framleis fungerer.🙂Arbeidsprosent er riktignok låg, og det koster krefter. Det tar så mykje energi at eg ikkje greier særlig meir på desse dagane. 

Men dei siste åra har eg jobba mykje med meg sjølv for å lære meg å akseptere at "ting" er bra nok! Eg vil jo helst få til ting som eg har fått til før, men eg MÅ berre akseptere at situasjonen er som den er, og gå vegen framover steg for steg.  Sjølv om vilje og faglig evne til å utføre jobb framleis er på plass, så seier kropp og sinn til meg at: "me treng litt meir tid på å bygge oss opp igjen." Sånn er det berre! Og ved å akseptere det, sparer eg meg sjølv for å ha fokus på det eg ikkje mestrer heilt endå - for DET er noko som tar energi! Det tar psykisk energi, og fører rett inn i ein nedadgåande spiral som kan ta knekken på mot og håp.

Eg gjer så godt eg kan ut i frå mine forutsetningar! Eg greier det eg greier! Eg går framover på vegen min!👍🙂