2. nov, 2015

Om-og-men-og-att-og-fram. Tenke-tenke...STOPP!

Søndag formiddag, fint haustvèr og eg har lyst til å komme meg ut i naturen og gå på tur. Men sjølv om eg etterkvart har fått mange erfaringar på at det blir bra og gjer meg godt, så vart det i dag mykje om-og-men-og-att-og-fram-og-tenke-tenke...."STOPP! Kle deg og kom deg ut!"

Og så gjorde eg det! Eg valgte ei fin turløype inne i ein skog. Og det gjorde SÅ godt å gå i naturen og kjenne skikkelig god lukt av skog.👍🙂Første del av turen gjekk i roleg tempo, for å kunne ta inn den fine naturen og fange noko av den med kamera😉Andre delen av turen gjekk i raskt tempo. Eg pressa meg litt for å få kjenne på at kroppen måtte jobbe.👍 Eg visste at det ville bety smerter i beina i etterkant. Men så lenge smertene ikkje blir uutholdelige, så kan eg leve med det. Den gode kjensla av mental velvære både under turen og etterpå, betyr så mykje at smertene kjem i andre rekke.