29. okt, 2015

VIL du tenke på ein rosa elefant? Viss ikkje: Gjer noko med det!

Eg kom over ein kronikk i ei avis, som var skriven av ein ung mann. Han skriv bl.a. at det ikkje er mulig å kontollere tankane sine. For nokre år sidan ville eg nok ha vore enig med han. Men i løpet av dei siste åra har eg, med god hjelp, lært at det ER mulig å ta kontroll over tankar. 

Den unge mannen utfordrar lesaren til eit lite eksperiment. Han skriv: "eg utfordrar deg til at du no IKKJE skal tenke på ein rosa elefant." Og han konkluderer med at når du får den beskjeden, så er det nettopp ein rosa elefant som vil vere i tankane dine. Joda, eg er med på den. Men likevel...det ER mulig å ta kontroll. Det er mulig å ta kontroll ved å bestemme seg for å erstatte tanken på den rosa elefanten med ein annan tanke. Det kan vere veldig vanskelig å gjere det med tankekraft åleine. Men det er mulig å få det til med å bruke avledningsmetoden. Ein kan bestemme seg for å fysisk gå ut av den situasjonen der den rosa elefanten har overtaket i tankane.  Ein kan bestemme seg for å aktivt gjere ei handling som krever at fokus vert flytta vekk frå den rosa elefanten og vert retta mot den handlinga ein har bestemt seg for å gjere.

Altså; det krever noko av av deg dersom du faktisk vil få vekk tanken på den rosa elefanten. Det krever at du er villig til å gjere noko aktivt sjølv for å få vekk tanken på den rosa elefanten.

Me kan ikkje forvente at den rosa elefanten vil forsvinne av seg sjølv. Me kan ikkje forvente at nokon andre skal få den rosa elefanten til å forsvinne. Dersom me verkelig vil at den rosa elefanten skal forsvinne, eller i det minste ta opp litt mindre plass, må me faktisk ta ansvar sjølv for å gjere noko med det. Hardt og brutalt krav? Ja, det kan det vere. Det kan kjennes som eit altfor stort krav. Og dersom den rosa elefanten har sirkulert i tankane dine lenge  (med ulike grader av kor stor plass den har tatt) ER det krevande å få fokus vekk frå den. Men det er mulig! Og igjen: Trening, trening, trening. Øving, øving, øving. Og for mange er det nyttig, og kanskje nødvendig, å ha nokon som kan gå vegen gjennom trening og øving saman med seg. Ein veileder som kan motivere og korrigere, og hjelpe med å holde motet oppe dei gongane ein føler at ein vil gje opp. Fordi: det ER krevande! Fordi: Ting Tar Tid!