26. okt, 2015

Travle tider, men eg takler det.

Travle tider. I allefall i forhold til kva det har vore det siste året. Travle tider etter min målestokk. Og det går faktisk ganske greitt.🙂Eg greier meir enn tidligare. Eg tåler meir enn tidligare. Travle tider, og eg takler det ganske bra. No har tida komme til prøve ut enno litt meir. Eg er klar. Trur eg. Eg er i allefall klar til å gjere eit forsøk.

Det har forsåvidt vore travelt i lang tid. Det har vore travelt på innsida. Tankane mine og kjenslene mine har hatt intens og hektisk aktivitet. Det er faktisk minst like slitsomt å ha det travelt på innsida. Det er slitsomt på feil måte. Det tapper energi. Det tapper livskraft. Men eg har meir styring no. Eg har trent på det. Eg har trent på å ta regien. Eg har trent på å ta styring. Kognitiv jobbing. Bruke tankane til å ta styring over tankane😉Kognitiv jobbing og mental trening. Regelmessig mental trening gjev resultat, akkurat slik som fysisk trening. Det er ikkje lett, og det tar tid. Ting Tar Tid. Men det er mulig. Tru meg, eg veit. Eg veit, fordi eg har gjort meg erfaringar på det. Det er mulig!