25. okt, 2015

Eg kjenner at eg har verdi.

Trøtt og sliten på ein god måte etter vel gjennomført 10-årsfeiring av lokallaget der eg har leiarverv, Mental Helse Radøy og Austrheim. Fine og gode ord og tilbakemeldingar. Og veit de? For første gong kjenner eg at det gjer noko med meg, på ein positiv måte, å få slike tilbakemeldingar. Eg kjenner at eg kan ta det til meg. Eg kjenner at eg kan tru på at det er oppriktig meint. Eg kjenner og forstår at det eg gjer har betydning og verdi. Eg kjenner at EG har verdi. Tusen ❤-lig takk til styret "mitt" som har gått vegen saman med meg i lokallaget. Og eg ser fram til vidare samarbeid og følge på vegen. 🤩