22. okt, 2015

Eg har funne meg eit nytt verktøy!

Av og til spinner tankane i ein slik fart at det ikkje er mulig å få noko fornuftig ut av dei. Det blir ein meiningslaus tankekarusell i ein så rasande fart at det ikkje går an å tenke...😲

I dag har eg funne eit nytt verktøy til bruk når ein slik tankekarusell tar overhånd og berre skaper uro.🙂

 

Eg har alltid likt å lese bøker, men har ofte perioder der eg ikkje greier å konsentrere meg nok til å ha glede av å lese. Så i ettermiddag, midt i eit tankekarusell-anfall, kom eg på at eg kunne kjøpe lydbok over internett og laste ned til PC'en min.🙂Og det fungerte bra. Eg greidde å finne nok ro til å sitje og lytte i ein og ein halv time, og eg fekk med meg innhaldet i historien. Og eg gjenoppdaga at det å bli lest for på denne måten, skaper betre og meir levande bilder knytta til historien enn når eg les sjølv. Akkurat sånn som det var når eg vart lest for som barn🙂

For meg vil ikkje lydbøker kunne erstatte det å lese bøker sjølv, i papirutgåve , men det kan vere eit godt alternativ når konsentrasjonen ikkje er god nok til å få med seg orda på papiret.👍

Dette kan eg virkelig anbefale! Prøv då, vel!👍🤩