21. okt, 2015

Forventning - skuffelse... STOPP!

Eit viktig møte i dag. Eit møte som vil bli avgjerande for vegen vidare. Eg trudde at eg skulle føle noko meir i forkant.Trudde eg skulle kjenne meir på spenning, engasjement, pågangsmot. Men, nei. Ingenting - berre tomhet. Og eg opplever det litt som ein skuffelse.🤔 Eg var jo så klar. Eg var så klar for å "stake ut ny kurs"...

STOPP! Ikkje begynn med å analysere! Ikkje begynn å tenke på og sjå for deg "worst-case-scenario"...!!! Dette er berre ein litt sånn nede-dag. Sånn er det berre - svingningar og kontraster i kjenslene; det er det som er meg. Så berre; STOPP!