19. okt, 2015

Å bruke andre ord og begrep kan endre perspektivet.

Ei veke har gått sidan min forrige samtale med min personlege veileder, ein samtale som gav meg eit nytt og oppløftande perspektiv. Og det er med glede eg kan skrive at kjensla av at det var eit lite vendepunkt, framleis er like sterk!

 Eg er ein "tankeperson", på godt og vondt. Og det å kunne kommunisere og filosofere med eit menneske som på mange måtar ser det samme som meg, er nyttig.

Det å få litt "in-put" som gjer at ein kan snu litt om på tankar og bruke litt andre ord på t.d. forventningar, kan faktisk gjere ein stor forskjell. Eg får det kanskje til å høyrast altfor lett ut, men hugs; Ting Tar Tid. Og eg har jobba mykje med meg sjølv for å komme dit at eg kan gjere meg nytte av råd og "in-put." To steg fram, og eitt tilbake - mange gongar. Repetering, justering og "innhenting" - mange gongar. Sånn er det berre.

Som Anne Grete Preus skriv i èin av tekstane sine; ...."Motorvei til paradis har ennå ingen fått. Det handler ikke om hvor langt du har kommet, det handler om hvor langt du har gått." 🙂