18. okt, 2015

Kvile og søvn er ikkje alltid det beste valget.

Treg start på dagen - trøtt og sliten. Eg tenkte at det sikkert ville vere lurt å sove litt meir. Men eg forstod fort at den tanken liksom ikkje var ekte... VinkerEg har jo etterkvart fått erfaring på at veldig ofte er det ikkje meir søvn som skal til for at eg skal få meir energi. Så eg erstatta den tanken med ein anna tanke: "Eg skal ut og gå på tur." Sidan kjensla av å ikkje ha overskudd var der, vart det ein del "om-og-men-og-kva-turløype-orkar-eg-egentlig-å-gå"..... Stopp! Ikkje tenk meir,Wenche! Du skal gå på fjellet! Kle deg og kom deg avgårde! Ferdig tenkt! 

Og så berre gjorde eg det.Kul

Det vart ein flott to-fjellstur i nydeleg haustsolLikerWhowOg jammen stemte det denne gongen også; meir energi etter tur enn før, og betre humør etter tur enn før.WhowEg tok meg ein liten pause når eg kom heim, og så eg gjekk ut igjen og jobba med vedstabelen min i ca. fire timar.

Status no når kvelden har komme: Eg har hatt ein veldig god dag!Smiler stortLikerSmiler stort