15. okt, 2015

Oppstart på vegen inn i arbeidslivet igjen.

Oppstartsmøte for Arbeidsretta rehabilitering i går. Det var ei positiv oppleving.🙂 Eg er klar for å komme i gang med prosessen som forhåpentligvis er vegen inn i arbeidslivet igjen, og eg har tru på dette opplegget vil bli til god hjelp.👍Eg vil få følge på vegen for å bygge meg opp og prøve ut. Og eg ser på det som positivt at det vil vere ein person som kan både "pushe" meg og motivere meg fram mot målet, som altså er å kunne få vere yrkesaktiv igjen i ein jobb og med ein stillingsprosent som eg med mi helse kan mestre. EG VIL! EG KAN!🙂