8. okt, 2015

Musikk som flukt frå grublerier.

Kroppen seier stopp. Infeksjon og inntak av antibiotika gjer at kroppen seier stopp. Den vil ikkje ut og gå på tur.... Då må eg finne eit alternativ når eg treng å få litt avstand til grublerier.  Mitt valg då er musikk! 

Det som fungerer best for meg, er å få musikken direkte inn i øyrene med hodetelefoner/ørepropper. Då kan eg stenge ute verda rundt meg, og har kun fokus på musikken.👍Som oftast er det til hjelp. Negative tankar og grublerier legg seg til ro når musikken tar over, og eg kan plutselig få heilt andre tankar -  meir positive og gode tankar.🙂