5. okt, 2015

Når turglede seirer over fysiske smerter.

Legetime og oppstart av antibiotikakur i dag, etter fleire veker med bihuleplager som har "komme og gått".  Det er merkbart at kroppen ikkje er heilt frisk, men likevel hadde eg lyst til å komme meg ut og få gå litt i dag. Tenk at det har blitt sånn - at fysisk sjukdom ikkje tar motet frå meg når det kjem til det å vere i aktivitet 🤪Eg gjekk ut i det sola var i ferd med å gå ned, og rusla ein roleg tur rundt ein ås i nærområdet. Det var litt tungt å få kroppen med seg. Og om det var lurt eller ikkje lurt med tanke på infeksjonen, veit eg ikkje. Men det var veldig lurt for den anspente nakken og for den mentale helsa!

 

 

"EG VIL! EG KAN! EG PRØVER!"

"EG PRØVDE OG EG GREIDDE DET!"