4. okt, 2015

Kor skal eg ha fokuset mitt?

"Sjå deg ikkje attende. Det er ikkje den vegen du skal."

Dette er ein god leveregel - å fokusere på mulegheiter framover og ikkje dvele ved ein kronglete veg som ligg bak oss. Men! Av og til kan det vere veldig nyttig å sjå litt tilbake, dersom me gjer det på den rette måten. Det kan vere nyttig å tenke seg eitt år eller to tilbake og ta eit overblikk over situasjonen. Dersom me kan greie å sjå "det store bildet", vil me kunne sjå at det har faktisk vore ei utvikling og ein framgang. Det er viktig å ta med seg, og gje seg sjølv litt ros for: "Sjå kva eg greidd! Godt jobba!"

Vegen vidare framover kan av og til virke uendeleg lang, og det er lett for at mulegheitene langs vegen ikkje blir sett fordi me har fokuset for langt fram. Me vil så gjerne "det og det"...... Forventningane blir gjerne så store at mulegheiter blir til håpløyse. Det kan fort bli ein vond sirkel.

Det er ikkje lett å finne den gode balansen for kor ein skal ha fokuset sitt - å finne den gode balansen mellom det som har vore, det som er her og no, og det som kan bli betre i tida framover. Men det kan vere til hjelp å vere litt bevisst på akkurat det spørsmålet: "Kor skal eg ha fokuset mitt? Kva er best for meg å fokusere på? Kva er mest nyttig for meg å fokusere på?"

Og det vil endre seg gjennom livet, fordi me går gjennom ulike faser i livene våre. Det fokus som er riktig i èin livsfase, er ikkje nødvendigvis riktig og nyttig når me kjem i ein anna fase. 

Men det å vere meir bevisst på kva som er mest nyttig fokus, kan vere til hjelp 🙂