30. sep, 2015

Min stad for ro, og avstand til grublerier.

Nok ein gong har eg erfart at det å komme meg ut i naturen er veldig bra når eg treng å få litt avstand til grublerier. I dag var det ingen trim/treningstur. I dag var behovet å berre kunne vere ute og rusle i flotte omgjevnader. 🙂

I desse dagar er det omtrent eitt år sidan eg fann ut kva som er "min stad" når eg treng å finne ro og få tankar litt på avstand; Kvassnesstemma Friluftsområde😀Staden var ikkje ny for meg, men eg har ikkje brukt den på samme måte tidlegare. Det  er fint å gå rundt det vesle vatnet, sjå på endene som held til der, sjå på fine fargar i naturen rundt vatnet, og å kunne setje seg ned på benken på det høgaste punktet og sjå ut over Osterfjorden. 🙂

Eg føler meg alltid betre etter ein tur dit👍