30. sep, 2015

Når "bygdedyret" angrip.

Det kan vere utfordrande å leve med kroniske eller tilbakevendande helseplager.  Èin ting er å takle plagene i seg sjølv, men mange opplever også at "bygdedyret" rammer dei.  Me er ofte veldig raske med å trekke konklusjonar om andre sine liv, utan at me egentlig veit... ; "Eg høyrde at 'han' er sjukemeld, men no held han på med "det-og-det". Kan ikkje vere mykje dårleg då, nei!"

Eg er ganske sikker på at dei aller fleste kjenner igjen denne typen utsagn, både som sendar og mottakar. Og så har du den meir direkte dømminga: "Er ikkje du i jobb? Eg har sett at du "det-og-det" og du ser jo så frisk og sprek ut."

Men tenk på alt det me ikkje ser. Tenk på at mange kjempar ein kamp mot plagene sine utan å snakke om det og utan å vise det utad. Me vil vel alle helst vere på vårt beste når me går ut av heimen og skal omgås andre menneske? Tenk på at det er difor han/ho ser heilt OK ut når me ser vedkommande ute. På dagar der plagene rammer hardt, ser me ikkje han/henne ute blandt andre. Tenker me på han/henne då? Legg me i det heile tatt merke til det..? Bryr me oss nok, på riktig måte, til at me legg merke til når nokon er fråvèrande....?

"Har du sett (navn) i det siste? Har ikkje sett henne på nokre dagar. Lurer på om ho er dårlig? Kanskje eg skal ringe og høyre korleis det står til?"

Er me egentlig flinke nok til det? Kanskje me skal tenke litt meir i den retningen? Kanskje me skal sjekke fakta, i stadenfor å synse oss til våre egne fakta om menneska rundt oss? Eg er sikker på at dei aller, aller fleste av oss har forbetringspotensiale her.

Kanskje me skal tenke litt meir på kor lite av andre sine liv me faktisk ser. Kanskje me skal tenke litt meir på kor lite me faktisk veit om menneska rundt oss, som ikkje er av dei aller næraste?

Mange bryr seg lite om kva andre måtte tenke om dei og lever kvardagslivet sitt heilt greitt uansett kva andre måtte synse og meine. Men for mange er det ein tilleggsbelastning. Ein livssituasjon som allereie er krevande og slitsom, kan bli enno meir vanskeleg når "bygdedyret" angrip.....😥

Me må tenke litt meir på det. Ja, det må me!👍🙂

 

"Inside every person you know, there's a person you don't know."