27. sep, 2015

Ventetid.

Å vente kan vere slitsomt. Vente på svar. Vente på avklaring. Det kan bli mange tankar av det. Tankar med spørsmålsteikn bak. Det kan bli forestillingar av det. Kva no? Veksling mellom optimisme og pessimisme.

Det kan vere slitsomt å vente på noko som andre skal avgjere. Men sånn er det no her i verda. Me vil komme i situasjoner der andre skal ta avgjerder som får betydning for vegen vår vidare.  Det kan vere slitsomt med alle tankar og forestillingar som kjem når me ventar på svar - ventar på avklaring. Men me kan ikkje gjere anna enn å vente. 

Stopp! Stopp! Stopp! Eg får ikkje svar av å gruble! Eg kan ikkje gjere noko med det! Eg må berre vente til svaret er klart! Sånn er livet!