25. sep, 2015

Det er heilt greitt å ha dårlige dagar, så lenge ein ikkje gir opp.

Når det blir mange tankar som "filtrer" seg saman og spinner rundt i rasande fart.... då er det IKKJE lett å stoppe dei. Når det er mange tankar med spørsmålsteikn bak som ein ikkje kan finne svar på,  fordi ein ikkje kan spå om framtida... då vert det litt kaotisk i hodet. Tankane spinner rundt uten å gi meining - utydelige, ufullstendige tankar uten mål og meining. Det kan bli overveldande.  Av og til så overveldande at ein blir nesten handlingslamma. Ein greier ikkje å ta grep. Og kanskje ein berre må godta det? Av og til må ein kanskje godta at ein ikkje greier å bruke verktøyene sine og ta grep om situasjonen - godta at "javel, eg har ein dårlig dag, tankane mine har eit overtak og eg greier ikkje å ta grep."

Det er lov å ha ein dårlig dag. Det er lov å trekke seg tilbake og ikkje "delta i verden der ute". Det er lov. Men, det er viktig å ikkje la det gå for langt. Det er viktig å ikkje la det gå så langt at ein kjem inn i den nedadgående spiralen og ender opp med å isolere seg. 

Det er heilt greitt å ha dårlige dagar innimellom, så lenge ein ikkje gir opp.