23. sep, 2015

Ein ny seier til meg i dag!

Eit dårleg utgangspunkt for tur i ettermiddag:

For det første; ein intens bihule-hodepine. For det andre; veldig trøtt. Eg hadde likevel litt lyst til å komme meg ut og gå i eit nydeleg haustvèr, men det kjentes ut som at det var uoverkommelig for kroppen min å greie det i dag.... Men DÅ! Det var tankane mine kom inn i bildet - positive og motiverande tankar, utan at eg måtte jobbe for å hente dei fram👍Tankar, som basert på tidlegare erfaringar, sa til meg: "Berre gjer det. Prøv, og sjå korleis det går. Du greier iallefall å gå litt." Og det gjorde eg. 🙂

Den timen eg var ute, merka eg mindre til hodepinen. At den etter turen er like intens som før, er mindre viktig. Eg hadde ei fin stund den tida eg var ute, og tar det med meg og holder fast på det!

Eg greidde å gå ut på tur med ein hodepine som for ei tid tilbake hadde fått meg til å velge sofaen! 

Ein ny seier til meg i dag!👍👍👍🤪