21. sep, 2015

Å vere seg sjølv.

Hans Børli skriv: "Dette er det vanskligste av alt: å være seg selv, og synes at det duger."

Han har rett i det. Det er nok sånn for mange av oss, at me aldri vert gode nok for oss sjølv. Uansett kor mange gode tilbakemeldingar me får, så er det noko i oss som gjer at me "MÅ" halde oss sjølv litt nede...Rødmer Me skal ikkje vere snille med oss sjølv. Me skal ikkje synast godt om oss sjølv. Og så kan ein jo sjølvsagt gruble og gå djupt i seg sjølv for å finne ut kvifor. Men.... kanskje det ikkje er verdt det?

Er det mulig å godta at: "Javel. SÅNN ER EG. Eg er ein person som må vere streng og "hard" med meg sjølv. Sånn er det berre."

Men det betyr ikkje at det ikkje går an å ha det greit i livet også, vel? Det går an å ha det kjekt. Det går an å smile. Det går an å le. Kanskje det til og med går an å trivast med livet sitt, sjølv om ein ikkje syns at ein duger, i sin eigen målestokk? Ja, kanskje det...?

 Tusen takk til min livsveileder, som sådde tanken i meg. Kul