20. sep, 2015

Fornuften veit. Men av og til er det fryktelig vanskelig likevel.

Ein dårlig dag....👎Nedstemt og tungsindig, og intens verking i ankel og kne. Og eg kan faktisk ikkje hugse sist det var SÅ vanskelig å skulle komme seg ut på tur..... Fornuften min veit at det vert ikkje verre av å gå ut og bevege litt på seg. Sjansen er iallefall svært liten for at det skal skje. Det veit eg, av erfaring. Greit... ; Smerter i beinet vert vel ikkje særlig betre, men slik som det er akkurat i dag, så kan det nesten ikkje bli verre heller. 😲Og eg veit, av erfaring, at å komme seg ut i naturen vil hjelpe på tungsinn og nedstemthet. Og dersom eg kan få eit løft i stemningsleiet, vil eg tåle 'vondtene' betre òg. Det er også noko som eg har erfart.

Det "satt langt inne" i dag, men eg kom meg ut til slutt👍Det vart ikkje akkurat ein treningstur. Men det gjorde godt å rusle i marka, få frisk luft, kjenne litt vind i ansiktet, og nyte fin natur🙂Og det fungerte denne gongen også. Akkurat slik som fornuften min prøvde å fortelje meg før eg kom meg ut😉