19. sep, 2015

Er fargane borte?

*Carpe Diem. Seize the day. Grip dagen. Bruk dagen*  Fint uttrykk.

Men av og til er det sånn at det er vanskelig. Det er vanskelig å "få godt tak" om dagen.  Det er ikkje nok krefter til å ta grep. Det er vanskelig å sjå for seg at dagen kan bringe med seg noko positivt. Det er vanskelig fordi ein kan oppleve at det er mørkt inni seg. Når det er mørkt på innsida, ser ein ikkje fargane der ute så godt.  Det er ikkje godt å ha det sånn. Det er ikkje godt å ha ei oppleving av at fargane er borte. Men...det er akkurat det: det er ei oppleving av at fargane er borte. Ei subjektiv oppleving. Fargane er der, dei. Det er berre det, at nokre dagar er det vanskelig å få auge på dei. Dei er ikkje borte.  Me har ikkje mista evna til å sjå fargar.  Men av og til kan kjenslene våre vere mørke. Og eit slikt indre mørke kan gjere oss blinde for å sjå fargar. Men dei er der. Og me vil få sjå dei igjen. 

Den svenske artisten Laleh har ein song som heiter 'Colors', der ho i ein setning skriv: "Just because it's black in the dark, doesn't mean there's no colors."

"Sjølv om det er svart i mørket, betyr ikkje det at det ikkje finnes fargar."

Ein fin tanke 🙂