15. sep, 2015

Det går opp og ned.

Det går opp og ned. Eg veit det. Eg må akseptere at det går opp og ned. Eg veit det. Men likevel..... Det er ikkje lett å akseptere dei dagane som er "ned" 🤭Og det er iallefall ikkje lett å akseptere det når eg på èin måte har lyst til noko, men samtidig føles det for tungt å komme i gang og faktisk gjere noko. Det er vel her det kognitive kjem inn. Eg veit at det er mulig å påvirke tunge kjensler på innsida (iallefall litt😉) dersom eg bevisst går inn for å ta grep om tankane. Og eg veit at det må eg ta ansvar for sjølv. Eg kan velge: 

1. Eg kan ta styring - ta grep og skifte fokus for å komme litt ut av  tunge kjensler på innsida: Stopp!-->Handling=Avledning.

2. Eg kan la vere å ta styring og grep, men då må eg tåle å kjenne på det tunge som er på innsida.

Det er jo berre å ta eit valg😲

Så lett, men likevel så vanskeleg....!