11. sep, 2015

Lykke...? Lykkelig...? Kva er eigentleg det?

Av og til undrar eg meg litt over begrepet "Lykke". Kva er lykke? Kva er det å vere lykkelig? Kortid er me lykkelige? Kva skal til for å bli lykkelig?alle vere lykkelige for å oppleve at livet har meining?

Det er veldig i tida at me skal tenke positivt, sjå etter det gode, fokusere på glede og lykke. Eg meiner ikkje at det er galt, sånn i utgangspunktet. Å fokusere på gode og fine ting er bra. Men eg syns av og til at det blir litt for mykje av det. Eg har alltid sagt at menneske som smiler heile tida og er positive til "alt" her i livet, gjer meg nesten litt mistenksom - det kan umulig vere ekte. Eg greier ikkje å tru på at nokon alltid er glade og positive, "no matter what", liksom.

Tilbake til dette med lykke. Er ein ikkje velLYKKA dersom ein ikkje er lykkelig? Er ein misLYKKA dersom ein ikkje er lykkelig? Går det an å leve eit liv som er bra nok? Går det an å ha eit godt liv når det er bra nok? alle vere lykkelige? Eg har byrja å tenke at "Det må vel gå an å vere fornøgd med at livet er bra nok....? Men med all den fokus som er på positivitet og lykke i dagens samfunn, er det lett å tenke på seg sjølv som mislykka dersom ein ikkje oppnår lykkefølelsen. alle vere lykkelige? Og ER det faktisk så mange som er lykkelige, verkeleg lykkelige, eller er det berre fasaden? Og kvifor er det så viktig å halde på lykkefasaden? 

Mange spørsmål, og eg kan ikkje gje meg sjølv eintydige svar. Men...eg har møtt mange menneske gjennom livet - menneske som er langt nede kjenslemessig, og menneske som er glade og fornøgde med livet. Og eg har sjølv erfart begge ender av den skalaen.  Eg har lært mykje om mennesket, og eg har sett at "alle har noko"..... Å leve eit heilt liv utan nokon form for tunge byrder, ingen sorger, ingen livsutfordringar...? Nei. Det trur eg ingenting på. Det får meg til å tenke på eit sitat av skodespelaren, Helen Mirren; "The trick in life is learning how to deal with it." 🙂

Så: As long as you can deal with your own life; that's good enough!🙂