9. sep, 2015

Det er berre ein slik dag....

På engelsk seier dei: "It's just one of those days"..... Det er det det er; berre ein slik dag. Ein slik dag der det ikkje er overskudd å hente, verken mentalt eller fysisk. Og så var det dette med å akseptere😥 Akseptere at sånn er det akkurat no, i dag. Eg veit. Og eg veit at eg kan - eg kan akseptere det.  Men likevel: I dag kjenner eg at det er frustrerande. Tankane kjem: "skulle ønske det ikkje var sånn"..... "tenk om eg kunne hatt litt meir krefter å gå på"..... "skulle ønske at eg kunne greie like mykje som "alle andre"..... Eg veit at dette er tankar som drar meg nedover mot noko enno tyngre. Eg kjenner det også. Men det er heilt opp til meg sjølv om det skal skje. Eg kan la desse tankane få kverne seg nedover i ein spiral og berre sjå kva eg tåler, eller eg kan velge "Stopp --> Handling -- Avledning." Det er mitt valg, og ingen kan gjere det for meg... "Tenk om nokon kunne ta vekk alt det vanskelige".... STOPP! Rett og slett, STOPP!