8. sep, 2015

Sosialt samvær - både kjekt og slitsomt. Ting tar tid.

Ein fin dag🙂På tur til Åsane Senter med tre kjekke damer - humor og latter😀 Men eg har også fått ei stadfesting på at sosialt samvær i fleire timar, kostar krefter sjølv om eg har det kjekt.  Sånn er det. Og det må eg berre akseptere. Det kostar krefter, og eg må gje meg tid til kvile i etterkant.

Legebesøk også i dag, og fekk vite at det er ein mulegheit for at løysinga på muskel - og leddplager er mykje enklare enn først tenkt👍Det er bra!🙂👍