6. sep, 2015

Ut på tur, fordi eg har lyst til det.

Eg har hatt ein kjempeflott tur til ein av Radøy sine fjelltoppar, Nøttveitveten - 205 moh. - i eit fantastisk nydeleg haustvèr! 😀

I dag var det ingen "om-og-men-og-att-og-fram"....! Eg kjente ganske tidleg på dagen, at i dag har eg lyst til å gå ein god tur, ein tur der eg kan kjenne at eg "tar meg ut" litt. Og val av turmål var også ganske lett🙂For meg er det ikkje leikande lett å ta seg til opp til ein topp på 205 moh. 😲Men det er heller ikkje for tungt til at eg gruer meg for å gjere det. Min fysiske form er no på eit nivå som gjer at ein slik tur er akkurat passe krevande. Eg kjenner at det koster litt for muskulatur og ledd, men ikkje meir enn at eg kunne nyte turen. Eg syns det var kjekt å gå👍Og du veit at noko har skjedd (både fysisk og mentalt) når du får lyst til å småjogge på veg ned igjen, og faktisk gjer det🤪

Så i dag kan eg seie noko anna enn "Stopp, Wenche" til meg sjølv😉Eg seier rett og slett: "Godt jobba, Wenche!"👍