6. sep, 2015

Negative tankar i flokk.

"Tanker kommer ofte i flokk. Men du trenger ikke å be inn alle på èn gang." 

Eg kom over dette visdomsordet for ei tid tilbake. Eg syns det er godt skrive, eg likar det. Men det er ikkje alltid lett å følgje dette rådet. Når tankane kjem, i flokk og i rasande fart, kan det virke heilt umuleg å sjølv bestemme kven av dei som skal få komme inn.😥 Min livsveileder har hjelpt meg med å lære at eg kan faktisk velge sjølv kven som skal få komme inn. Eg kan velge å seie "Stopp!" til tankane. Eg seier ikkje at det er lett.  Eg syns ikkje at det er lett. Det er krevande. Det krever at eg er villig til å flytte fokus, og for MEG betyr det at eg faktisk må  flytte på meg fysisk - ut av den situasjonen der tankane "ramler" inn utan at eg har bedt dei om å komme inn😉 Me har vel alle høyrd desse orda; "han kjem nok på andre/betre tankar etterkvart"..... Etterkvart...men kvifor vente, dersom du kan gjere noko NO for å "komme på betre tankar?"😉

 

*Negative tankar i flokk* -->STOPP! -->HANDLING -->AVLEDNING.

"Oppskrifta" er like genial som den er enkel!🙂Men det krever trening. Det krever trening over tid. Akkurat som når kroppen vår blir sterkare med fysisk trening over tid, vert me betre på å takle psykiske utfordringar gjennom mental trening. Det har eg no både lært og erfart.👍 For meg fungerer denne oppskrifta kvar einaste gong, NÅR eg greier å følgje den. For det er slett ikkje kvar gong eg greier det.  Av og til er det sånn at eg berre orkar ikkje, det blir for krevande.  Det er ikkje eit nederlag. Eg veit at eg kan, men ikkje akkurat no. Og det er greitt.