5. sep, 2015

Rekreasjonstur - pust med magen.

Rekreasjonstur rundt Kvassnesstemma i dag. Det har blitt mitt favorittområde når eg treng å rydde litt opp i meg sjølv🤨

Eg er egentlig ikkje så glad i fuglar og fjærkre, men det er noko spesielt med å sitje heilt nede i vannkanten og berre sjå på endene som flyt rundt i dette vatnet. Det gir meg ein god følelse av ro🙂Berre sitje der og kjenne at eg kan fylle lungene heilt med frisk luft. "Pust med magen".... Det kan eg når eg sit sånn, på akkurat denne staden, og ser på endene. Eg lurer på om dei er så bekymringsfrie som det ser som....?