4. sep, 2015

Stopp! Berre gjer det!

Eg har tilbod om å vere med ei gruppe i sømjehallen i dag. Dei negative tankane står i kø - den eine avløyser den andre: "eg er for trøtt og sliten".... "eg orkar ikkje pga av leddsmertene"...."eg orkar ikkje å gå utom døra i dette vèret"...."det er for kaldt i bassenget, så eg kjem berre til å fryse".... Phu... Her var det mange "gode" argument i mot, du! 

"Wenche! Stopp! Stopp desse tankane! Slutt å tenk på alt i mot! Stopp! Stopp! Stopp! Berre gjer det!"👍