3. sep, 2015

Perspektiv på livet

Dette som eg no skal skrive, handlar ikkje om min veg i livet.  Men det handlar om mine refleksjonar, mine tankar, mine kjensler.....Det handlar om at eg bevisst valgte å sjå nyheiter på TV i går - nyheiter som viste oss ein bit av den grusomme sanninga om flyktningestraumen, som har fått stor merksemd i media denne sommaren.  Media viste oss ein konkret og hjarteskjerande bit av flyktningekrisa.

Ein liten gut på stranda i Tyrkia....Han er ikkje der for å leike og bade....Han er ikkje på ferie med familien sin.... Han er...nei, han VAR på flukt med familien sin.  Dei ville flykte over havet, med eit desperat ønske om eit betre liv.  Det vart ikkje sånn..... Den vesle guten drukna.....Ein liten gut på stranda i Tyrkia....Ansiktet hans er vendt ned mot sanden. Små bølger skyller over han. Ein liten, død barnekropp, på ei strand i Tyrkia.... Og det har vore så mange før han. Så mange menneske - både små og store -  som ender opp som livlause kroppar, på dei same strendene som for andre er ferieparadis....

Det gjer noko med meg. Eg kjenner at det gjer noko med meg. Det gjer vondt. Men eg vert også "matt"......  Eg kjenner meg hjelpelaus.  Kva kan no vel vesle meg gjere med ei krise av slike dimensjonar....? Tenk om..... Tenk om eg kunne sette meg på eit fly, reise direkte dit og hjelpe.  Eg kan ikkje det.  I min realitet, så kan eg ikkje det. Det finnes dei som kan, og som faktisk gjer det. Det er fint. 

Eg kan kanskje bidra...i det små? Og håpe at mitt vesle bidrag kan ha ihvertfall litt betydning? Det er det eg kan.  Det er det eg kan bidra med, frå min realitet.  Èin dråpe i havet...men vert det mange nok dråpar, så kanskje det nyttar?  Ingen dråpar, og havet vil tørke ut - det tørkar ut og liv tek slutt.