31. aug, 2015

Burde, burde, burde...Kva er det eigentleg for eit ord?

Formiddagstur...? Ikkje åleine - det er nokon som ventar på meg. Eg 'burde'....eller? Jada, eg veit....eg veit alle fordeler med å komme meg ut og avgårde, så eg 'burde'... Men eg veit også at eg kanskje føler meg meir klar for å gå ein tur seinare på dagen, og at eg kjem meg ut sjølv om det ikkje er nokon som venter på meg. Så kanskje eg ikkje 'burde'...akkurat no? 

Burde, burde, burde....kva er det eigentleg for eit ord? Det er eit ord med negativ ladning. Det er eit ord som krever, men ikkje på ein positiv måte. Det er eit ord som kan få ei utfordring til å bli ei mykje større utfordring. Det er eit ord som kan sette fart i negative tankar - negative tankar som gir endå fleire negative tankar som gir endå fleire negative tankar....og så, til slutt....kan det èine spørsmålet, som ein sjølv svarte på med ordet 'burde' ha gjort ein litt tung start på dagen, til eit endå dårlegare utgangspunkt for å komme i gang med dagen....fordi ein har påført seg sjølv straffetankar og dårleg samvittighetUsikker

Av og til må me vere litt strenge med oss sjølv, og "ta grep" til tross for at det virkar for vanskelig og utfordrande. Det er det me veks på, det er det som gir framsteg og utvikling. Men å bruke ordet 'burde' er for mange (dei fleste?) IKKJE motiverande!