28. aug, 2015

Fargelause dagar betyr ikkje at fargane er borte for alltid!

Av og til kjem det dagar som er fargelause. Ja, eg veit jo at fargane rundt oss er der😉 Dei er synlige - dei vert ikkje berre borte. Men av og til kjem det dagar der fargane inni oss vert borte. Det indre landskapet vårt vert grått. Det vert eit tungt og grått landskap. Fargane rundt oss er der. Me ser dei.  Men.... det betyr ikkje noko. Alle fine fargar rundt oss kan ikkje gje oss noko. Dei kan ikkje påvirke oss, fordi det når ikkje inn. Det når ikkje inn på innsida vår.

Det er som når det er overskya av mørke skyer på himmelen, og sola som ligg bak skyene ikkje greier å bryte gjennom skylaget og lyse opp landskapet.....

Av og til kan me greie å henta fram tankar som kan hjelpe til med å sleppe inn fargar.  Det er ikkje lett. Det er ikkje lett i det heile tatt når landskapet ligg "bada" i tung gråfarge...🤭Men det er mulig. Det går an å trene seg opp kognitivt til å sleppe inn fargar i eit tungt, grått, indre landskap - iallefall ein liten fargestråle, i første omgang.  Av og til kan det vere nok. Ein liten fargestråle kan vere nok til at me føler oss litt betre.  Det går an å trene seg opp til å hente fram tankar som me veit kan få oss til å føle oss betre - tankar som handler om noko som har gjort oss glade tidlegare🙂

Av og til greier me det ikkje.  Av og til er det for tungt og grått i det indre landskapet. Det vert for krevande å "rydde plass" til sjølv ein liten fargestråle. Det vert for krevande å fokusere mot, og ikkje minst halde fast på, tankar som me veit har gjort oss glade tidlegare. Og veit de...? Det er faktisk heilt greitt! Det er lov å ha fargelause dagar!

Men det er også noko me gjerne må trene oss opp til - å akseptere! Å akseptere at det av og til kjem dagar der det indre landskapet er for tungt og grått til at me orkar å sleppe inn fargar. 

Å ha ein fargelaus dag, betyr ikkje at alle fargar er borte for alltid. Fargane er der, men akkurat denne dagen er dei utanfor rekkevidde.

Fargane er der, sjølv om me ikkje kan sjå dei heilt klart.  Dei er der sjølv om me ikkje kan føle dei. Dei er der, og me vil finne dei igjen.

Men det er lov å ha dagar med eit tungt og grått indre landskap. Å akseptere det, sparer oss for ein del stress med "burde"-tankar og tankar som berre gjer det meir grått og mørkt! 🙂