26. aug, 2015

Eg kan sjølv påvirke korleis dagen skal bli.

Tankar i ein intens debatt..... Skal eg lytte til dei som tilbyr eit lett valg? Skal eg lytte til dei som krever noko av meg?

Det lette valget - ja, det er lett å ta, men eg veit innerst inne at det er eit dårleg utgangspunkt for å få ein OK dag.

Det valget som krever noko av meg - tungt å "ta grep" og gjere det, men eg veit innerst inne at det mest sannsynlig vil gjere dagen betre for meg.

Eg har faktisk mulighet til å velge.  Eg har mulighet til å  påvirke kva slags dag eg ønsker å ha.  Det er heilt opp til meg sjølv. Eg kan velge det eine eller det andre, og så blir dagen som den blir ut i frå det eg bestemmer meg for.  Og uansett kva eg velger, så er det det eg må leve med gjennom denne dagen! Det er eg som bestemmer, det er mitt valg.