23. aug, 2015

Av og til må ein akseptere at det er som det er.

Tankespinn, tankekaos - veit ikkje heilt kva eg skal kalle det🤔 "Burde"-tankar. Tankar med spørsmålsteikn bak som eg veit er umulig å få svar på her og no, fordi eg kan ikkje sjå inn i framtida....😉 Skaper uro og indre stress. Eg veit: Stopp tankane, avledning.  Men det er ikkje alltid eg får det til like godt.... Rart egentlig, at det skal vere så vanskelig av og til.  Rart at ein ikkje får viljen med seg på å gjere det ein veit er lurt....😮 Men sånn er det.  Av og til er det berre sånn det er.  Det verste ein kan gjere, er å "piske" seg sjølv med kor håplaus ein er som ikkje greier det.  Det beste ein kan gjere, er å akseptere at akkurat no er det vanskelig å gjere det riktige i denne situasjonen.  Av og til er det berre sånn det er.  Sånn er det, akkurat no.  Det er greitt.

__________________________________________________

Så vart det ut-på-tur i det nydelege vèret i dag likevel👍Eg starta med biltur, fann ein stad å parkere bilen og tok ein "rusletur" langs vegen med kamera mitt 🙂 Og så fekk eg meg ein god ekstratur på nokre kilometer, fordi eg bestemte meg for å gå heim igjen etter å ha fått bilen på plass for kontroll på verkstad i morgon🙂 Eg kjenner at ankel og kne kanskje vil plage meg gjennom natta etter dagens belastning.  Men veit de kva? Det får no berre bli som det blir. Denne dagen, som byrja litt vanskeleg, har i det store og heile gjort meg godt😀 Så smerter i ankel og kne er berre ein liten bivirkning som eg kan tåle😉