21. aug, 2015

Sliten og trøtt - men eg har ein avtale å møte opp til, og eg greier det!

Litt sliten og trøtt i dag. Både mentalt og fysisk. Det hadde vore veldig godt å ta seg ein formiddagskvil - sove ein time eller to - sjølv om eg berre har vore våken og oppe i fire timar.  Men eg har ein turavtale om ca. ein time, og tenker at eg må unngå å avlyse den.  Å avlyse hadde vore det lettaste og mest behagelige valget akkurat her og no.....Men så veit eg jo av erfaring at eg fint greier å gå på ein tur sjølv om eg har følelse av å vere så trøtt at eg held på å sovne her eg sit no. Så: eg skal ikkje avlyse! Eg greier dette!