19. aug, 2015

Treningsgruppe igjen - eg gler meg!

Veldig klar og motivert til treningsgruppe igjen etter ferien!👍I morgon er me i gang igjen, etter lang ferie.

 No er det ca. eitt år sidan eg fekk mulighet til å delta i denne treningsgruppa.  Og den gongen var motivasjonen min på eit langt lågare nivå.  Eg måtte ha motivasjonshjelp og drahjelp utanfrå for at eg i det heile tatt skulle greie å møte opp 🤭 Men....det gjekk ikkje så lang tid før eg fann meg til rette, og etterkvart fann eg meir og meir glede ved det. Eg fann glede i sjølve treninga, og eg fann glede i å vere ein del av fellesskapet i denne gruppa🙂👍

Når eg tenker tilbake på korleis eg følte det når eg skulle starte opp i treningsgruppa - det var tungt og føltes som eit ork....... Og så sit eg her no, berre eitt år seinare, og føler det totalt annleis!🙃Snakk om å "snu om" altså!👍🤪

 Eg er veldig takknemlig for hjelp og støtte som eg fekk den gongen, og som har vore med å bidra til at eg har lært meg å finne glede i å vere i fysisk aktivitet. No er det ikkje noko eg "bør og må, fordi"....No er det lystbetont (som oftast 😉) Det er noko som eg sjølv ønsker fordi eg har fått positiv erfaring og effekt av det, både mentalt og fysisk!