18. aug, 2015

Ein god dag!

Ein treg start på dagen....Men likevel bestemte eg meg for at denne dagen skal nyttast til noko "ute og borte".  Og det gjorde at eg har fått ein dag med sosialt samvær, gode samtalar, leik og kos med liten baby, turgåing og eit godt grillmåltid servert ute i strålande sommarvær!😀Eg har også fått ei slags positiv stadfesting på at eit valg eg har gjort, er det mest riktige.  Så dagen i dag: Ein god dag! 👍😀Og eg kan gje meg sjølv lov til å kjenne litt forsiktig på optimisme og håp🙂