15. aug, 2015
Ein rusletur for tankane
I kveld var det tankane mine som hadde mest behov for tur 😉 Så eg tok dei med meg til den staden eg likar aller best når tankane treng å "lufte seg" litt: Kvassnesstemma Friluftsområde 🙂Ein stille, roleg og varm augustkveld i desse vakre omgjevnadene gav rom for rydding og sortering i litt rotete tankar😉 Og eg fekk ein bonus i form av smil frå ei ukjent dame og to gutar som var med henne. Så lite, men likevel ei fin kvardagsglede🙂
Eg kom heim igjen med tankar som hadde lagt seg til ro, og følelse av tilfredshet. "Livet er ikke det verste man har"... 🙂 Ja, det fungerer faktisk! Berre prøv det, om du vil. Finn fram til"din" stad og ta tankane med deg dit når det trengs ei opprydding i dei. 🙂