11. aug, 2015

Ikkje tenk meir, ta ei avgjersle, og berre gjer det!

Eg hadde gjort ein avtale med meg sjølv tidleg på ettermiddagen om at eg skulle ut og gå i løpet av dagen. Det vart mykje "om og men og kor skal eg gå".... og timane gjekk. 🤭 Så, berre: Stopp! Ikkje tenk meir rundt det. Berre ta ei avgjersle og gjer det! Og det gjorde eg👍Dagens turvalg vart Brekkeløypa i Knarvik. Eg gjekk i èin time med godt tempo, og med musikk "på øyra".  I starten regna det - tett yr - men det var berre forfriskande og godt.  Berre gå så fort som beina tålte, lytte til musikk som var inspirerande og kjenne "duskregn" i ansiktet - det var ein god og frigjerande følelse!👍😀