9. aug, 2015

Mestring og resultat

Fem timar med det som for meg var ganske tungt hagearbeid i går, og det gav gevinst på fleire måtar🙂

- fysisk aktivitet. Å bruke kroppen til fysisk arbeid, jobbe seg varm og sliten!

- mental terapi. Fullstendig skifte av fokus, vere til stede i arbeidet der og då!

- mestringsfølelse. Å oppdage at eg har meir fysisk styrke og utholdenhet enn det eg har hatt før, og å sjå eit resultat av arbeidet mitt som eg var fornøyd med!

- og, ikkje minst, å stå opp i dag og kjenne at kroppen ikkje har meir 'vondter' enn det ein kan forvente etter ei slik arbeidsøkt!

Så konklusjonen må bli: eg har meir å gå på enn eg trur, både mentalt og fysisk🙂

Og det er absolutt ingen tvil om at tre månader med enkel styrketrening og meir fysisk aktivitet generelt det siste året har hatt effekt og gitt positive resultat👍👍🙂 Tenk at det skulle ta så lang tid for meg å få den erfaringa😉 Så, som eg har skrive om før: når eg har komme dit, så er det mulig for alle🙂Det krever riktignok erkjennelse, tålmodighet, og for mange kan det vere nyttig (og kanskje rett og slett nødvendig) å ha nokon som er med og støtter og motiverer. Eg har vore heldig og fått drahjelp gjennom hjelpeapparatet, og konkret veiledning og støtte i trening av fysioterapeut. Det er eg no veldig takknemlig for!🙂👍