5. aug, 2015

Å velge kva veg eg skal gå på

Og så er eg DER igjen; eg må ta eit valg.....Eg må ta eit valg om kva slags veg eg vil ta. Vanskelig.....umulig å vite om det er det eine eller det andre som er riktig, fordi eg kan jo ikkje sjå inn i framtida😉Eg må tenke litt. Eg må kjenne litt etter. Det eg veit, er at den eine vegen vil bli veldig krevande og slitsom. Den andre vegen er på ingen måte noko lettvint snarveg - den er krevande den òg, men på ein litt anna måte. Eg må tenke litt. Eg må kjenne litt på det; er det hensiktsmessig å velge den mest krevande vegen? Er det nødvendig å utsette meg for ei slik utfordring? Eg har jo faktisk begynt å gå på den andre vegen. Men ei stund der så vart eg overraska av tung tåke...Eg mista fokus og retningssans...."Kanskje eg må velge ein anna veg å gå på?" 

Men no kan det sjå ut som at tåka lettar litt....trur eg. Eg får vente og sjå - eg får vente å sjå om tåka letter. Den har jo gjort det før. Og eg trur at det eg helst vil, er å "traske" vidare på den vegen eg går på - ikkje fordi det nødvendigvis er ein så mykje lettare veg å gå.  Men fordi den kanskje er meir hensiktsmessig å følge for å komme dit eg ønsker?