4. aug, 2015

"Mot er ikke fravær av frykt, men evnen til å gå videre selv om man er redd"

Eg kom over eit ordtak som eg syns var så fint: "Mot er ikke fravær av frykt, men evnen til å gå videre selv om man er redd."

Dette kan ein filosofere ein god del rundt. Det er gjerne slik at orda 'mot' og 'modig' vert mykje brukt om å utføre utfordrande eller ekstreme handlingar; "Kor tøff du er, det hadde eg aldri våga å gjere", seier me gjerne til nokon som kastar seg utfor eit stup i strikkhopp.....Men, tenk på alle som går rundt med eit stille mot....inni seg.  Alle som kjempar ein dagleg kamp for å mestre sjukdom - alle som kjempar ein dagleg kamp for å fungere i kvardagen - alle som kjempar ein dagleg indre kamp....for å mestre livet.  Å stå opp om morgonen og vite at det vil vere utfordringar som ein må ta seg gjennom i løpet av dagen dersom ein i det heile tatt skal kunne fungere greitt nok -  dag etter dag etter dag....DET er MOT!

Mennesker som vågar å kjenne på og erkjenne vanskelige og vonde følelsar, og som kjempar og gjer sitt beste for å leve kvardagslivet sitt til tross for fysiske og/eller psykiske smerter...DET er mennesker som har MOT!