2. aug, 2015

Ut på tur og gi tankane større rom å "boltre" seg i

Tenke, tenke...spørsmål, vurderingar.....😲

Då er det berre å komme seg ut på tur, slik at tankane får større rom å "boltre" seg i👍Og då blir dei straks langt i frå så påtrengande som når eg går inne i leiligheten! Det er heilt sant, altså🙂 Avledning, skifte fokus. Det fungerer faktisk🙂Kanskje ikkje like godt kvar einaste gong. Men som oftast er det til hjelp, i større eller mindre grad.

I kveld vart det tur på Toskavegen. Nesten 1 time rask gange i litt vind og tidvis lett regn.  Å gå seg varm, kjenne pulsen øke og samtidig kjenne lukta av sjø og frisk vind og lett regn i ansiktet👍👍👍 Ja, faktisk fleire 'tommel-opp' 🙂 Det var kjekt og gjorde godt i frå første til siste steg! Og etter gjennomført tur har tankane lagt seg meir til ro, og eg føler meg definitivt bedre enn det eg gjorde før eg gjekk ut🙂