30. jul, 2015

Litt aktivitet skifter fokus, og det eine fører med seg det andre.

Opp av stolen og gjere litt småting "innomhus" kan vere nok til å skifte fokus, slik at negative tankar tar mindre plass. Og det eine kan føre med seg det andre. Sånn vart det for meg i kveld. Etter å ha holdt på med innearbeid ei stund, kjente eg at "no vil eg ut og gå meg ein tur!" 

Eg gjekk ein fin kveldstur i skog og mark i nærområdet, på barndommens stier. Det gjorde meg godt, både mentalt og fysisk. Mestringsfølelse, lave skuldre, indre ro og velvære🙂