29. jul, 2015

Eg vil ikkje høyre på orkar-ikkje-tankane mine.

Det er nesten litt rart korleis negative tankar og orkar-ikkje-tankar kan bli så fullstendig dominerande, medan gode og positive tankar må leitast fram.....🤨 Eg satt i dag med slike orkar-ikkje-tankar, og kjente at dei gjorde meg berre meir nedstemt.....Så vart eg rett og slett litt sint!😉 "Nei, no får det vere nok! Slutt med å plage deg sjølv med desse tankane! Ikkje "høyr" på dei! Opp av stolen og finne fram støvsugaren. Berre gjer det👍Fordi du kan!"

Og så gjorde eg det🙂For meg er det mestring. I dag er det å greie å støvsuge i leiligheten mestring - for meg🙂Og på min måte, med "intervall-jobbing" - litt aktivitet og litt kvile, litt aktivitet og litt kvile - skal eg nok få gjort litt meir i dag🙂