24. jul, 2015

Med dårlig helse er det godt å bu i Norge.

Me nordmenn er ganske gode på å klage over skatter og avgifter. At det er avgifter som virkar unødvendig store og urettferdige, kan eg i nokre tilfelle vere med på. Men eg trur at eg med handa på hjartet kan seie at eg aldri har klagd over skattetrekket mitt. Slik som min helsesituasjon er, så har eg ikkje stor økonomisk frihet, men eg greier meg. Situasjonen min er som den er, og eg tilpasser livet mitt der etter. Og eg betaler gjerne skatt, når det eg får igjen for det er eit helsevesen som står klar til å ta i mot meg og gi hjelp når eg har behov for det! Og no er det no ein gong slik at eg i perioder har stort behov for å bruke helsetenester. Og forutan eit par, små enkelthendingar, har eg alltid blitt godt møtt og fått god hjelp i vårt flotte helsevesen. Eg betaler inn skatten min, og er glad for at eg bur i Norge🙂👍