21. jul, 2015

Av og til er godt nok BRA!

Eg gjorde det. Eg møtte opp til treningstime med fysioterapeut og gjennomførte det. Intensitet og kraft var ikkje som den pleier, men eg gjennomførte på den måten som eg greidde akkurat i dag. Mestringsfølelse? Nja...ikkje heilt. Men ein lettelse. Ein lettelse i forhold til det eg kjente på før eg gjekk. Eg gjorde det. Eg gjorde så godt eg kunne. Det er godt nok. Det er bra. I dag er godt nok BRA!👍