21. jul, 2015

Gjer eit forsøk, så har du i allefall gjort så godt du kan.

Trøtt...sliten....Treningstime med fysioterapeut....føles tungt å skulle gjennomføre....fristande å avlyse. "Nei! Ikkje avlyse i dag igjen! Møt opp til timen og gjer eit forsøk!" 

Å gjere eit forsøk når ein føler at ein egentlig ikkje er opplagt, kan bli til følelse av mestring. Det eine som kan skje, er at det faktisk går mykje betre enn ein trur. Det andre som kan skje, er at det faktisk blir litt for krevande å fullføre, men.....om det blir alternativ nr. 2, så er ikkje det eit nederlag - i allefall ikkje på samme måte som det blir dersom ein lar vere å møte opp. For då har ein gjort eit forsøk - gjort så godt ein kan! "Berre gjer det! Prøv, og gjer så godt du kan!"👍🙂